Første dag med ny blogg

Bak meg heng i glas og ramme 12 tidlegare ordførarar i Odda kommune. Dei har i dag vore vitne til at ordføraren i Odda har oppretta sin eigen blogg. Eg vonar dette vert ein arena for god debatt om utviklinga av vår kjære kommune.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Gratulerer med din eigen blogg, Gard! Håper du kjem til å få gleda av mange gode innspel og kommentarar, og ikkje minst at du klarar å nytta den bra i den travle kvardagen din. Eg trur det er mange med meg som vil sette stor pris på å høyra meir om dine visjonar for Odda!

Exclamation_desat_24

Gratulerer Gard! Kjekt å se at du er like på hugget som vår statsminister Jens Stoltenberg med egen blogg på origo.
Oddas første ordfører med egen blogg, det er rock’n roll det!

Exclamation_desat_24

Gratulerer og lukke til, Gard! Du er ein moderne ordførar som som skjønar at du må i dei sosiale kanalane for å møta dei som vil noko med byen og kommunen vår! Takk for det! Eg er mest engasjert i Smelteverkstomta, og vonar verkeleg at det vert ein stad eg kan vera stolt over å vitja i framtida. Med forslag om bensinstasjon på den finaste tomta ved elva (!) og eit gigantisk kjøpesenter der kapitalismen durar fram, vert eg litt engsteleg. Eg vonar verkeleg at OVN 3 VERT Smelteverksmuseet vi treng for å visa neste generasjon staden der “Besten” arbeidde. Her ligg alt til rette – pengar og vilje står att. Det ser ut som eit bombenedslag no, kva skjer? Eg vonar i alle fall at eit kjøpesenter vert integrert og tilpassa det eksisterande miljøet – med murstein, jern og glas. Kapital og museum KAN leva side om side. Oddingar, ikkje gløym å passa på smelteverkstomta! Og Gard – hugs å ha mange tankar i hovudet på same tid når du tenkjer tomta. Vi må trø varsomt – men ikkje så seint at ting forfell! Ove I. B. Danielsen

Exclamation_desat_24

Hei Gard, dette var morro. Skal lova å oppføra meg fint ;)

Exclamation_desat_24

Hei og takk for at de allereie sender meg nokre ord! Herdis; Helge Ove, Frode, Tryggve og Odd. Ekstra tidlig på kontoret i dag for å følga dykk opp før “det brakar laus” med dagens møte i Odda formannskap. Først av alt, takk for hyggjelege og positive attendemeldingar. Eg er særs langt frå å vera ein proffesjonell bloggar med 20.000 besøk på ein deg. Høyrde om ein slik ein på radionen i går. Fekk inntrykk av at han sat med bloggen sin den tida han var vaken. Det maktar nok ikkje eg. Kva skal til for å skapa ein god blogg? Dette er spørsmål som no surrar rundt i hovudet mitt. Tips?

Herdis: Ja, her må vi freista å snakka om Odda som skal verta. Snakka om KVA vi skal gjera NO. Her har eg mange tankar som eg får komma attende til litt etter litt.

Helge: Du er eit av dei blidaste og hyggjelegaste menneska eg veit om. Om eg er like mykje på hogget som Statsministeren er vel heller tvilsamt. Det skal nemlig noko til! Vil forresten aldri gløyma besøket hans i Odda 9. juni i fjor. For ein parademarsj! Ikkje tvil om at han har mange fans i Odda, meg inkludert (bomba), men eg har godt av å prøva meg med dette. Herdis var den første som freista å få dette til, men no må fuglen på vengjene.

Ove: Smelteverkstoma blir heilt sikkert eit hovedtema her. Torsdag 25. februar presenterer fylkeskonservatoren si tilråding i vernesaka for Odda kommunestyre. Dette er kraftig forseinka. Dette skal til høyring der alle kan uttala seg. Så skal Riksantikvaren som øvste vernestyresmakt i Riket endeleg fastsetja vernegrad og verneomfang. Då er det om og gjera at dette har fått ein god innretnad.

Det er svært god grunn til å tru at ovn III blir ståande som eit freda kulturminne på smelteverkstomta. Alle signal tyder på det. Han vil truleg få selskap av ein del meir. Når vi no veit vernegrad og verneomfang vil jakta på pengane starte. Her vil eg vera SVÆRT TYDELEG. Odda Smelteverk skal ikkje bli liggjande slik som det ligg i det. Fabrikken er eit skrekkeleg syn og i sterkt forfall slik som du peikar på.

Mens vi arbeider med dette, som nok vil ta tid, er det om og gjera at vi raskt kjem i utvikling på andre deler av tomta. Det som kan verta Noregs mest spesielle handlesenter i Cyanamidfabrikken må bli realitet. Eg reknar med at investorane her no raskt kan få få sleppe til. ’

Tryggve og Frode: Tryggve sitt innlegg vil eg gjerne svara på og til det som Frode spør om kan eg opplysa at Odda kommune har ein avtale med Statens Vegvesen om å starta opp reuleringsplanarbeidet for ei tunnelløysing ved Byrkjenes. Denne delen av RV 13 er så rasfarleg at berre tunnel er ei god løysing. I same dreisen vil vi også sjå på korleis vi kjem oss over Opo med bilar og får knytt trafikken på RV 13. Planane er klare om ikkje så lenge, men det vil ta fleire år og mange millionar å få alt realisert, men det startar alltid med ein reguleringsplan! Vi er så smått i gang…..med alt.

Taking Odda further

Ha ein knallfin dag. Ikkje gløym og smile til dei du treff.

Exclamation_desat_24

Gratulera med egen blogg, Gard! Skal bli kjempespennande å følga deg:-)

Exclamation_desat_24

Gratulerer med egen blogg. Men hvorfor skriver du ikke på bokmål? Kan ikke huske at vi hadde nynorsk på Tyssedal barneskole…
Eller har du hatt for mye nynorsk etter at du blei ordfører? hehe…
Lykke til med bloggen!!

Exclamation_desat_24

Min gamle og gode klassevenninne Ann-Kristin Ødegård spør om hvorfor jeg skriver nynorsk? Sigrun Instefjord lærte oss ikke det på Tyssedal barneskole! Det er riktig. Bokmål er mitt “hovedmål” men jeg må skrive begger deler som ordfører i en språknøytral kommune. Som kjent er skolekretsene i Røldal og Skare nynorskkretser, Tyssedal er bokmålskrets, mens Odda er begge deler.Forelsdrene til barn som skal begynne på Odda barneskole har et valg de andre ikke har. Hvilken målform skal de velge for sine barn? Nynork eller bokmål?

Fra gammelt av var landsmålet opplæringsmålform i Odda. Med insdustrien kom riksmålet, og ivrige riksmålsfolk i Odda forsøkte i 1913 å får byttet ut landsmål med riksmål i Odda krets. Det førte til rabalder! Odda var et sted i sterk vekst. Et moderne samfunn. Det var derfor viktig for både riksmålet og landsmålet å erobre byen! Et stort folkemøte i Ungdomshallen skulle ta stilling til spørsmålet. Over 400 mennesker var til stede, et flertall av riksmålfolk. Tilhengerne av landsmål visste dette, og tok derfor opp et forslag om at det ved Odda folkeskole skulle være paralellklasser der man kunne velge enten riksmål eller landsmål. Først stemte 213 for å bytte til riksmål. 148 ville ha landsmål. Der etter sa 147 nei til forslaget om paralellklasser, mens 137 sa ja. Altså et flertall for å innføre riksmålet ved Odda folkeskole.

Likevel vedtok skolestyret i Odda den 18. februar 1914 at det skulle være paralellklasser ved Odda folkeskole, med full valgfrihet for målform. Etter mitt syn er dette kanskje det kolkeste politiske vedtaket i Oddas nyere historie. Man forhindret en opprivende identitetsstrid. Hvor lenge den hadde vart, og hvor store sår den hadde påført lokalsamfunnet om den hadde fått leve videre kan vi bare spekulere i. Slik har det altså vært siden, full valgfrihet imellom nynorsk og bokmål ved Odda barneskole.

Exclamation_desat_24

Gratulerer med bloggen :) Skal bli kjekt å følga deg :)

Exclamation_desat_24

Det varmar eit lærarhjarte å sjå at du brukar begge målføre. Eg er samd i at fritt språkvalg var eit klokt val som Odda må verne om.
Til lukke med bloggen.

Exclamation_desat_24

Jaja, da fikk jeg svar på det. Det er nok riktig det som du sier. Flott at ordføreren bruker begge deler, men da vil jeg se bokmål av og til også…

Exclamation_desat_24

Eller rettere sagt, det hadde vært flott om vi såg litt av begge deler av og til… :-)))

Exclamation_desat_24

Gard, korleis har det gått med søterota som Odda har ansvar for?

Exclamation_desat_24

Bra Reidar! Det lurer eg og på i grunn! Synes søterota fortjener eige innlegg, Gard! :)

Exclamation_desat_24

…og viss det er noen som lurer på hvordan Søterota ser ut, så ser den altså slik ut:

Bilde er “sakset” fra DETTE nettstedet

Annonse